fredag 23. april 2010

Internett medfører etiske dilemma for unge og vaksne

-Teknologisk utvikling og etikk-

Korleis skal det gå med privatlivet viss mesteparten av trafikkdataen skal lagrast? Går det an å bryte seg inn eller misbruke det ein finn? Kva fordelar har vi ved denne lagringa viss ein ser på samfunnet og livet til ungdommen?

Moralen til samtlige som brukar internett har forandra seg dei siste åra. Då datamaskina blei allemannseie førte det til at ein måtte finne nye normer og reglar på internettet. Tankar som: kva informasjon kan ein legge ut, kva bileter er passande og korleis oppretthalde ein sikkerheita på maskina dukka opp. Sidan internett er open for alle er dette noko einkvar bør tenkje over. Når informasjon er tilgjengeleg for deg, er det mest sannsynleg open for andre. Utifrå det ein kan finne på nett virkar det som om det er lettare å gje slepp på personlege opplysningar no enn det var før. Folk er altså ikkje så opptatt av å halde identiteten sin like hemmeleg.

Men det er få som faktisk blir utsett for angrep og misbruk. Dei som får tak i denne type informasjon har som oftast gjort noko for å få tak i den. Kva skal ein gjere viss Datalagringsdirektivet får innført lovar om lagring av trafikkdata for e-post, ulike typer telefoni, internettilgang, identiteter og lokaliseringsdata for mobil kommunikasjon?

Poenget bak er å lagre informasjon for å bekjempe kriminalitet og terrorisme, men er det å gå litt for langt? Det finst sjølvsagt strenge reglar for dei som arbeider med dette, men er det sikkert nok? Fleire meiner det er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, og seier det ikkje er nok at det er hensiktsmessig, rimeleg og ønskeleg. Men sidan det må lagrast på ein eller annan måte, kvifor ikkje under eit statleg organ?

Kva har dette å seie for moralen til unge? Nesten alle har eigen mobil, data og kamera, så kva skjer viss nokon kjem over ei morosam hending? Dei fleste ville ha tatt det opp på film og lagt det ut på nett. Kor mange er klar over at dette er ulovleg utan samtykke?

Det er vanleg å laste opp bileter på nettsamfunn som Facebook og Nettby, men unge tenker sjeldan over at det er ulovleg. Det har blitt så vanleg at det er unormalt å ikkje ha bilete, namn og alder offentleg på nettet. Og det er noko som kan føre til ein ny type mobbing. Ta til dømes Deiligst.no, ei side der ein lastar opp bilete av seg sjølv og får karakter på utsjånad. Får unge eit bra moralsk bilete av seg sjølv og kvarandre på denne måten? Er dette noko for kven som helst og korleis ville du ha reagert viss du fant eit bilete av deg sjølv der?




Digitale hjelpemiddel opnar for lagring av personleg informasjon, og alle bør ta eit standpunkt på kva ein sjølv synst er greitt å dele med andre. Moralen til enkelte har forandra seg og nye reglar må setjes. Og når det er unge menneskjer med i biletet er det viktig å starte tidleg med dette arbeidet. Alle bør ha tenkt over dei etiske dilemma som kan oppstå når ein bruker internett, for kven veit kva som blir lagra? Det er dermed viktig at Datalagringsdirektivet diskuterer lovforslaget sitt ordentleg før dei gjer noko med det. Ein veit aldri om informasjon kan bli stjelt eller misbrukt. Skulen og arbeidsplassane bør også ha klare reglar for kva som er lov og ikkje lov. Oppveksten bør bestå av sunn internettbruk og foreldre bør sjekke opp i kva borna gjer på nett. For det er ikkje sikkert at bileta som blei lasta opp i tenåra er like flott å sjå på når ein er arbeidssøkjar nokre år seinare.

1 kommentar:

  1. Synes innlegget ditt har mange brae poeng Elisabeth. Det er nok desverre ikke alle som vet at det ikke er lovt å legge ut bilder og videoer som kan virke krenkende dersom en ikke har samtykke til dette. Her er en link til en side som er utarbeidet med barn, unge, lærere, foreldre og omsorgspersoner som målgruppe. Kan være nyttig som fremtidig lærer:)
    http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/

    SvarSlett