onsdag 21. april 2010

Ikt gjør skulekvardagen lettare

-Informasjonssamfunnet - konsekvensar av IKT i utdanning og skule -

Med dagens teknologiske hjelpemiddel går skulekvardagen fortare, og ein kan tilretteleggje undervisninga på ein betre måte. Men får ein det beste resultatet ved å leggje mykje vekt på ikt-bruk? Kan det hende at enkelte lærarar ikkje klarer å følgje med i utviklinga, og kan det hende at det faglege fokuset i skulen blir svekka?


Korleis er eigentleg skuledagen for ein vanleg ungdom? Eg har eit døme fra ein dag eg var i praksis for ikkje så lenge sidan. På timeplanen stod det samfunnsfag, og temaet var Napoleon Bonaparte. Vi studentar hadde laga ein Powerpoint med bileter og stikkord. Medan dette stod på i bakgrunnen, fortalte vi meir utfyllande rundt stikkorda. Elevane satt stor pris på ein slik undervisning. Dei kunne studere biletet samstundes som dei lærte noko.

Fleire har kome fram til at ein lære betre av lyd og bileter enn tekst aleine. Med andre ord er bruk av multimedia i skulen ein positiv ting. Og eit døme på dette kan vere å bruke Powerpoint i undervisninga. Men vi har også digital tavle eller Smartboard. Ved å bruke desse verktøya kan elevane delta meir i undervisninga. Dei kan kome opp på tavla og teikne og skrive, og alt lagres på ei datamaskin. Berre sjå kor lett det er å bruke Smartboard i denne videoen:



I dei fleste vidaregåande skulane er det vanleg at nesten alle elevar har kvar sin data. Denne datamaskina kan dei bruke i undervisninga, og dei kan bruke den til å gjere lekser. Men kor lurt er det eigentleg å gje ein 16 år gamal tenåring ei datamaskin som er lov å bruke i undervisninga? Har dei viljestyrke og sjølvinnsikt nok til å vurdere når det er passande å sjekke diverse nettsider når ein har matematikkundervisning?

Før i tida blei fag nedlagt viss det ikkje fantes ein lærar som kunne undervise i det. Med dagens teknologi treng ikkje dette skje! Det er fleire skuler der ute som har tatt i bruk fjernundervisning/nettundervisning. No kan klassen samles og sjå læraren direkte via nettet. Med webcam og framsynar kan ein lære uansett kva skulen ein går på. Youtube har også lansert ei side der ein kan finne tusenvis av gratis forelesningar på nett.

Personleg synst eg at det er kjempe flott med alle verktøya ein kan bruke i undervisninga. Det krever ein del ekstra forarbeid, men eg trur elevane får meir ut av det. Og dei vil også setje pris på ein lærar som held seg oppdatert innan teknologiutviklinga. Men som med alt anna, er det viktig med måtehald. Det skadar ikkje å innimellom ha ein vanleg einvegs forelesning utan bileter og datamaskiner. Ein annan ting som er viktig er å lære elevane å bruke desse verktøya riktig. Det er ikkje berre å seie at dei skal finne ein tekst på nett, dei skal skrive eit brev i word, og at dei skal redigere eit bilete. Læraren må forberede seg, evt dra på kurs og lære opp elevane korleis dei skal handtere skulekvardagen. Viktige tema er god kjeldebruk, vite kva som er godtatt å kopiere fra nett, og vite kva som er lovleg å laste opp/ned på datamaskina.

Til slutt vil eg nemne eit viktig punkt til, avhengighet. Det er eit problem som kan ødeleggje skulegongen eller framtidleg arbeidsliv. Det er viktig å skape eit skilje mellom skuletid og fritid på datamaskina. Det er sjeldan noko regler for kva ein har lov til heime, men det bør innføres tydelege reglar på skulen.


Det har skjedd ei stor utvikling i skulekvardagen dei siste 20 åra. Mange nye digitale hjelpemiddlar har kome til, og lærarar har tatt i bruk desse for å betre undervisninga. Born veks opp med desse media, og det er dermed lett å skape interesse. Ein bør også hugse på å skilje skulearbeid frå fritida når datamaskiner blir brukt. Når dei er så vand med det på fritida treng ein klare reglar for bruk på skulen. Men med opplæring av lærarar og riktig bruk har eg trua på at undervisninga og skulekvardagen vil få betre flyt ved hjelp av ikt. Det finst mange moglegheiter der ute som er klar til bruk, og med nok kunnskap ligg alt til rette for fengjande og meiningsfull undervisning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar