fredag 5. mars 2010

Utviklinga i samfunnet påverke ungdommen for mykje.

-Informasjonssamfunnet - kulturelle dimensjonar -

Korleis har samfunnet utvikla seg dei siste 20 åra? Har samfunnet blitt påverka av ikt-utviklinga, og i kor stor grad? Kan ein finne konkrete ting som har forandra ungdommen dei siste 20 åra? Fleire faktorar speler inn, så eg har valt å fokusere på eit par av dei. Ta til dømes ein gjennomsnittleg tenåring. Han har tilgang til mobiltelefon, datamaskin, fjernsyn og auditive media (ipod/mp3). Er desse digitale media med på å påverke kvardagen?


Kvardagen til ein ungdom har nok forandra seg mykje på kort tid. Det er berre å sjå rundt seg i butikkar, i byar, sjå på kva som blir sendt på fjernsyn og kva som står på internett. Vi har forskjellege media rundt oss heile tida. Dei media som har vore lengst er trykt media som avis og bøker, og analoge media som fjernsyn og radio. Men no har vi altså fått mange auditive og visuelle media. Og det er desse som har hatt størst påverknad på ungdomen. Berre 20 år tilbake var mykje av dette uvanleg eller utilgjengeleg. Mykje har skjedd på kort tid, og har alle klart å følgje med? Sjølv om det kjem mykje nytt må brukarane følgje med og ta i bruk desse midlane. Dei som er flinkast til å bruke internett er den yngste generasjonen. Og dei har mange fordelar med dette. Ein kan lære mykje meir ved å bruke forskjellege sansar samstundes. Altså, ein får med seg meir når noko er både auditivt og visuelt.

Mange born bruker kvelden foran datamaksina eller fjernsynet. Kva påverknad har dette på dei? Er det sunt å tilbringe så mykje tid framfor ein skjerm i den alderen? I følge Trygg brukundersøkelsen fra 2008 bruker tre av fire born og unge internett dagleg. Guter pleier å bli avhengig av ulike spel, og jentene blir avhengig av nettsamfunn som til dømes Facebook. Desse mediane er tilgjengelege og påverker ungdommen i stor grad. Ein kan lese om fleire døme på nett der folk ikkje har fått jobb pga bileter som ligg på nett, eller andre som har fått sparken fordi dei var pålogga på Facebook i arbeidstida.

Påverker utviklinga søvnen deira? Utifrå rapportar får tenåringar to timer for lite søvn kvar natt. Skulda blir lagt på brus, internett og fjernsyn. Korleis skal det gå med samfunnet viss unge ikkje får nok søvn fordi dei ikkje klarar å minske bruken av digitale media? Vil dei fungere i arbeidslivet? Det er då ein kan spørje seg sjølv om ikt-utviklinga har påverka samfunnet for mykje.

Kva med haldninger, verdiar og normer? Personleg trur eg det er lettare å feile på dette området i dagens samfunn. Det er få som har kontroll på kva ein laster opp/ned på nettet. Eg trur også folk har lettare for å bli meir likegyldig til enkelte saker, for det er så mykje informasjon der ute. Ein ting eg synst er veldig negativt i dagens informasjonssamfunn er kjendisomtalane. Alt skal skrives, kommenteres og dokumenteres. Korleis påverkar dette ungdommen? Når krasse journalistar kommenterar kropp og utsjånad til kjendisar er det lett å bli påverka, og unge er veldig sårbare på dette området. Men er alt ekte? Berre sjå her kor lett det kan gjerast i Photoshop:



Som ein kan lese over er det mykje som påverke ungdommen. Utviklinga har gått ganske fort, og det er lett å miste oversikta over kva som bør vere lov og ikkje lov. Foreldre og lærarar burde ta kontroll over dette, og la utviklinga påverke livet til ungdommen mindre. Dei skal sjølvsagt få tilgang til dei digitale media som finst, men med måte. Her har dei vaksne ei oppgåve framfor seg der dei må vurdere kva deira born skal sjå eller drive med framfor ein skjerm. Det er dermed godt å vite at Telenor har kome med eit produkt som gir foreldra litt av kontrollen tilbake. Og det er eit steg i riktig retning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar