søndag 14. februar 2010

Framtidas studentliv

Korleis kan framtida bli for dagens unge? Dagbladet.no kom med ein artikkel om dette 25. jan 2010. Her står det blant anna at mobilen er eit verktøy som skal avlaste hjernen slik at ein slepp å huske, ein kan bruke internett på eksamenar og ein kan sitje heime og studere via nett.

Også går straumen.
Kva skal ein gjere då? Kva er vitsen med at unge skal slå opp det dei lurar på, viss dei ikkje kan husker det dei nettopp lærte? Eg såg ein episode av Etter katastrofen på NRK1. Etter at eit virus har utrydda nesten heile verda må dei gjenverande finne ein måte å overleve på. Der stod dei igjen med alt dei eigde, utan straum, vatn, mat eller kunnskap om korleis dei skulle gjere noko. Hovudpersonen fekk eit råd om at ho burde begynne å lese bøker.

Bøker er det hjelpemiddelet vi har brukt i hundrevis av år for å lære ny kunnskap. Før der igjen lærte dei ting ved å lytte, memorere og gjenfortelle. Vi kan altså seie at opp gjennom tida har vi lagt mindre vekt på å huske ting. Og no skal altså elevane ha tilgang til nett og mobiltelefon heile tida.

Det finst jo også positive sider ved ein slik internettilgang. Tenk på all den kunnskapen ein får tak i. Ein kan ha forelesinger med nokre av verdas største foredragsholdere. Kunnskapen er uendeleg.

Men er det så bra å kunne sitje heime i Noreg og ta fag i USA? Treng ikkje framtidas studenter sosialt samhald? Ikkje alle lærer like godt av å lese/høyre fagstoff. Ein treng nokon å diskutere eller samhandle med.

Utviklinga av teknologien har gått fort dei siste 50 åra. Internett har gitt oss all kunnskap vi kan drøyme om, men vi må passe på å ikkje bli for avhengig av å heile tida søke opp det lurer på. Noko må vi klare å huske.

Då er det berre å ta imot framtidas nye digitale verktøy og håpe på at straumen ikkje går.

2 kommentarer:

  1. hei:) synes du har interessante meninger og et fint innlegg. Men husker elevene bedre det dem leser i bøker? slår dem ikke bare opp der også for å finne ut det dem lurer på? Jeg for min del bruker iværtfall både bøker og internett som en oppslagskilde og kan ikke si klart om jeg husker noe bedre enn det andre:) Likevel er jeg enig i at noe kunnskap bare må læres å pugges for at det skal sitte.

    SvarSlett
  2. Som da jeg overhørte en gutt i friminuttet.
    " Når jeg får vanskelige gangestykker og ikke får ha kalkulator hjemme, tar jeg bare opp mobilen. Den har jo også kalkulator".
    Jo, noe må pugges og læres i skolen, men det er vel mer både og, ikke enten eller...

    SvarSlett